tirsdag 25. januar 2011

Buksevatn

Nett no surrar tankane mine rundt og rundt, mens eg er på veg ned, og det eineste gode eg kan i finna i min noverande livssituasjon er at buksa mi held på å bli tørr. Tenk at ikkje før ein når di siste tohundre meterane er det at ein innser at ein skal nå slutten. Heile tida før hadde ein berre ein anelse om at det ein gong ville ta slutt, og imens var det lite forandring å spora der nere. Husene såg like små ut nesten heile tida.

Eg sat på fyrste klasse luksus-supercomfort på flyet mellom Trondheim og Oslo. Der flyg kring fem slike fly om dagen. Pga. ein sjelristande oppleving ved innsjekkinga hadde eg fått det føre meg at verda hata meg, og det hadde eg rett i. Det er vel det som er merkeleg, for verda hatar eigentlig ingen. Kvar gong me seier at samfunnet eller verda gjer eller krev noko, er det ein inngrodd bortforklaring av våre eigne lyte. Hossen er det mulig at verda, beståande av antimaterie og materie, føler noko som helst? Eg sit i flysetet og trur at det kun er sjølve Gaia som har kjensler.

Med ett er det noko kvitt og rosaspraglete i høgre augokant som stel oppmerksemda mi, og eg ser eit fly, eit japansk pokemonfly, for eg sit ved flyvindaugoet. Den eine vengjen på pokemonflyet råker såvidt borti vengjen på flyet eg sit i, eg kunna svergja på at eg kjende eit lite støyt? Det var ein svert usannsynleg hendelse, at ein fyldig  jumbojet besudla med stygge, japanske tegninger skulle ha klart å innta norsk luftrom. Vidare, kva gjorde det der? Var det eit russisk pokemonfly som tøyde grensene?

Eg sagde det til han som var romkameraten min på det som sida skulle verta hugsa som den urimelegt dyre folkehøyskulen.
"Hallo, Rudolf?" Rudolf lot som om han sov, som om nokon kunna sova på flyet.
"SKA DU IKJE SJÅ NOKO FINT? NEIVEL"
Rudolf er livredd for å fly, så han tilbringjer stigninga og landinga med hovudet mellom knea og ein svart sov-i-ro over augone. Han rakk ikkje å sjå flyet, for sov-i-roen satt fast i olelukkøyebæsj. Eg gjekk bak åt flyet, fortsatt etter at eg veit, på veg til Trondheim, og der bak sat det tri flyvertinner.

"E da normalt atte det flyge fly sånn rett oppunder vingen på det here flyet, ella?" spurde eg.
"Hva behager?", svarte de to yngste blondinene i kor, dei freista lata som ingeting.
"Da va eit fly som just flydde lika langs oss. Eg kunna svergja på at det råka borti vinge..Ser itje piloten slike ting?"
"Rettelse: Pilotene, det er to som styrer flyet, ikke en. Flyet har jo to vinger."
"Akkurat." understrekte den andre.
"Det gjør ikke noe om den ene faller av."
"Neineinei." understrekte den andre igjen.
"Akkurat som med lungene, og nyrene dine. Jada, det er helt normalt." Ho tok eit drag av den utende sigarettstumpen. Eg fatta det ikkje, eg hadde ikkje to nyrar? På jakkeslaget såg eg flyselskapnålane dei bar, dei hadde berre ein vinge.

"Javel?", tenkte eg, men sa det ikkje, så eg gjekk på do i staden, for eg forstod at eg ikkje ville verta eit betre menneske av å tala med dei. Eg såg det på film ein gong, at MacGyver, ein gong han var innestengd på ein damedo, klarte å rømma gjennom ventilen på damedoen. Skjønt ventilen i dette flyet sat heilt fast, og så som det bråkte då eg freista rikka han. Dei lurde på kva eg holdt på med. Eg trakk vatnet, sånn at dei skulle FORSTÅ at eg hadde vore på do, og så vaska eg hendene. Fyrste gongen eg har brukt flysåpe. Siste gongen. Trur det endo sit nokre såpemolekyler att på den plassen midla ringfing og styggfing, som sånn det klør. Då eg forlot toalettet, var dei sinte på meg, alle i heile kabinen, unntatt Rudolpf, for han sov. Eg hadde prøvd å rømma gjenom ventilen og laga ståk under klimakset i filmen dei alle såg på, den scenen kor den unge kjekke skodespillaren utan evner innrømmer at han hev teke feil, og blir så ått av [vakker skuespillerinne hvis navn jeg ikke erindrer]. Så sinna vart dei, at dei truga med å hiva meg ut av flyet. Eg vart venleg leid til enden av kabinen, så heiste dei ned ein avsondrande vegg med breide gummikanter. Dernest gav flyvertinnene meg buksevatn med eit eiget sett med mugger, med ein avbildning av ein ein-beintbukse. Det hendte i hjørnet på dette nye rommet. Så sinna vart dei, at dei heiv meg ut av flyet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar